« Til Aktuelt 07. april 2010
« Til Aktuelt
Rekrutteringsmøte i Møre og Romsdal
Omlegginga frå generell allmennlærarutdanning til spesialisert utdanning for 1-.7. trinn og 5.-10. trinn, kan føre til at nokre høgskular får behalde berre ei av utdanningane. All erfaring syner at lærarar som er utdanna i Møre og Romsdal tek arbeid i heimfylket. Dersom Høgskulen i Volda mister ei av lærarutdanningane, kan dette medverke til at grunnskolar i Møre og Romsdal i nær framtid kan bli utan nytilsette lærarar på det eine eller andre trinnet.
Ei slik krise ønskjer ikke GNIST-partnarskapen at kommunane og skulane i Møre og Romsdal skal møte, og set derfor fokus på skulen som ein moderne og utfordrande arbeidsplass og lærarutdanninga som ei framtidsretta utdanning.
Medieoppslag:
NRK Møre og Romsdal: radio og tv-innslag