Statsbudsjettet 2011: fleire studieplassar og styrking av grunnskulelærarutdanningane
Regjeringa vil innan 2014 bruke over 100 millionar kroner ekstra for å sikre høg kvalitet i dei nye grunnskulelærarutdanningane. I budsjettet for 2011 foreslår regjeringa ei styrking av grunnskulelærarutdanningane med om lag 13 millionar kroner.
I haust er det for første gong teke opp studentar til spesialisert grunnskulelærarutdanning retta mot trinn 1-7 og trinn 5-10. Det har vore ein klar ambisjon å auke kvaliteten ved å gjere utdanningane meir profesjonsretta enn tidlegare. Institusjonane vil få auka utgifter som følgje av tiltak knytta til dei nye grunnskulelærarutdanningane. Regjeringa har difor følgt opp ambisjonen om å auke kvaliteten ved å auke grunnløyvinga til institusjonar som tilbyr grunnskulelærarutdanning.
I 2014 vil denne kvalitetsauken representere om lag 114 millionar kroner, og vil etter dette liggje på same nivå. I 2011 er summen monaleg lågare - om lag 13 millionar kroner.
Kunnskapsdepartementet har i tillegg fordelt 375 nye studieplassar til ulike lærarutdanningar. Dei nye studieplassane er fordelte både til grunnskulelærarutdanning, førskulelærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning, faglærarutdanning og femårig integrert lærarutdanning.
Les pressemelding på regjeringen.no.
Statsrådane vil presentere forslaget til Kunnskapsdepartementet sitt budsjett kl.14.00 i dag, 5. oktober. Pressekonferansen vil bli sendt på KD sine nettsider.