Dokumentarkiv

Partnere

« Til Partnere Nasjonalt råd for lærerutdanning

Nasjonalt råd for lærerutdanning

Nasjonalt råd for lærarutdanning (NRLU) er eitt av fire nasjonale råd under Universitets- og høgskolerådet. NRLU er eit sektorovergripande organ som har som oppgåve å samordne og styrke norsk lærarutdanning, og forsking innafor lærarutdanningsfeltet.

I rådet sit representantar frå alle statlege utdanningsinstitusjonar som gir ei eller fleire av dei seks hovedtypane lærarutdanning; førskolelærarutdanning, allmennlærarutdanning, faglærarutdanning, yrkesfaglærarutdanning, femårig integrert lærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning.

I tillegg er NRLU sett saman av studentrepresentantar, eksterne representantar og observatørar, til saman i overkant av 40 personar. Rådet møtest tre gongar i året.

kjelde: uhr.no

« Til Partnere
GNIST nyhetsbrev
DEV201006181115