SFU - Senter for fremragende utdanning
Første senter er klart:
Universitetet i Oslo (UiO) i samarbeid med Universitetet i Tromsø (UiT), har fått det første senteret for framifrå utdanning. Senteret skal føre til spreiing av kunnskap og erfaringar av verdi for utvikling av god lærarutdanning i Noreg.
Det er styret for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), som på grunnlag av innstilling frå ein ekspertkomité, har gitt status som Senter for framifrå utdanning til Centre for Professional Learning in Teacher Education (ProTEd) ved Universitetet i Oslo, i samarbeid med Universitetet i Tromsø.
Regjeringa har oppretta ordninga med Senter for framifrå utdanning (SFU) for å stimulere til utvikling av framifrå kvalitet i høgare utdanning og synleggjering av at undervisning og forsking er likestilte oppgåver for universitet og høgskular. I pilotfasen blir ein modell utprøvd for eit senter innanfor lærarutdanning, som får 4 millionar kronar pr år i 5 år, med moglegheit til forlenging i ti år. Ordninga blir administrert av NOKUT.
Historikk:
Som eit ledd i oppfølginga av innstillinga frå Stjernø-utvalget, ga Kunnskapsdepartementet i oppdrag til Universitets- og høgskolerådet å utrede etablering av senter for framifrå utdanning (i starten vart ”senter for fremragende undervisning” brukt). Ei arbeidsgruppe leia av professor Kirsten Hofgaard Lycke frå Universitetet i Oslo leverte si innstilling i juni 2009.
Kunnskapsdepartementet har i brev av 30. juni 2010 gitt NOKUT i oppdrag å etablere og forvalte ei ordning med ”Sentre for fremragende utdanning (SFU)” i høgare utdanning på bachelor- og masternivå.
Det vil etter planen bli nye søknadsrunder for alle utdanningsområde kvart tredje år, med etablering av 3 – 5 senter per runde.